foto: KI-generert/Polyteknisk Forening

Vil du vere med å bygga ein bru?

Publisert: 24. juni 2024 Director Clean Heat & Power, Mana

I ein verd som stadig har blitt og blir meir samankopla, står politikarar, organisasjonar og individa mellom to val; Skal det byggast meir veggar eller brua? Valet er ikkje berre eit fysisk val, men også ein viktig kulturell metafor eit land, organisasjon og individ vel å operere og kommunisere på.

Veggar skapar barreirer, er ein representasjon av isolasjon, segmentering og oppstår gjerne av ein kultur der frykt og usunn konkurranse er drivkrafta. Å holda korta tett til brystet, rivalisering, hemmelegheld og mistenkeliggjering fører ofte til dupliserande funksjonar/arbeid, ineffektivitet og silo-mentalitet.

På den andre sida, å bygga brua er ein representasjon av samarbeid, openheit, forbindelse mellom menneskjer, idear, deling av kunnskap og ressursar. Historia har vist oss at dette fører til stor innovasjonsgrad og felles suksessar. Dette gir individa, organisasjonar og land sterk kjensla av meining og bidrag til eit felles mål.

Det finnes mange eksemplar av individa, organisasjonar og land som har lukkast med å etablera fysiske og metaforiske brua og ført verda i ein betre retning. Fellesnemnar for dem er at dei gjennom å etablere «meining» mot eit felles mål gir individa superkrefter som igjen blir forsterka ved at ein kollektivt spelar på kvarandre sine styrkar og demmer opp for kvarandre sine svakheita. Ein sjølvforsterkande effekt som får fram det beste i oss som menneskjer.

Eit tilbakefallande argument for å byggja veggar framfor bruar er, tillit, eller mangel på tillit. Tillit tek ein halv evigheit å bygga og er på mange måtar grunnmuren som brua må kvila på. Her er Noreg i ein særstilling. Tilliten står sterkt i landet, i organisasjonar og individa. Den skal me ikkje og må aldri ta for gitt, men heller bygga vidare på.

Sjølv om tilliten er sterk, så ønskjer eg å utfordra deg til å bli med å byggja ein bru. For eg er overtydd at gjennom å bygge brua mellom organisasjonar, så kan me i tillegg til å gje individa superkrefter som gjennom organisatoriske brua bygger på kvarandre sine styrkar, også fører til verda blir dratt i ein betre retning.

Brua som eg har lyst å invitera deg til å vere med å bygga, er brua mellom dagens lineær-økonomi til ein sirkulærøkonomi. Og grunnen til at eg har lyst å invitera nettopp deg er at me bur i eit land der tilliten er sterk, der me har størst moglegheit til å lukkast og bli rollemodellar som våre barn og ikkje minst verda trenger.

Så, vil du vere med å bygga ein bru?

Har du noe på hjertet? Gode folk fra kunnskapsnettverkene og direksjonen i Polyteknisk Forening skriver her fritt om det de har på hjertet. Her finner du alt fra korte innlegg om aktuelle hendelser via mer løse refleksjoner om de store sammenhengene til lengre tekster om fagets betydning, alt innenfor rammen av bærekraftig teknologi- og samfunnsutvikling. La deg utfordre og inspirere av nye og erfarne uredigerte skribenter!